Den fagraste rosa

Arrangementsinformasjon

Trioen Berit Opheim, Tore Brunborg og Steinar Raknes skal ut på ein jolakonsertturné, og kjem til Eidfjord samfunnshus 14. desember kl 19.00.


Repertoaret er musikk knytt til jola, men det er ikkje dei mest utslitne jolasongane me får høyra. Samspelet mellom dei tre er av det magiske slaget. Det kunne ein høyra på tingingskonserten Hildo på Vossa Jazz i år.
 

  • Eidfjord samfunnshus
  • Fredag 14. desember
  • Klokka 19:00
  • Billett kr 200,- (barn og unge under 15 år går gratis)